Småikon skriver str kart Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkart

Kandidatar til kultur- og idrettsprisen 2017

Wenche Bosnes, Odd Drabløs (Idrettsprisen), John Arve Trandal (MOT-pris), Guni Liv Reed (Kulturprisen), Anita Bentsen foto Christina Cantero.jpg - Klikk for stort bilete Christina Cantero/FjT Kjenner du til nokon som fortener honnør for særleg innsats for arbeid med kultur eller idrett i Selje kommune? Selje kommune ønskjer no framlegg til kandidatar til Kultur- og idrettsprisen 2017. Frist for innsending er 6. november.

Føremålet med kulturprisen er å hjelpe fram det frivillige kulturarbeidet i kommunen, og skal tene som ein honnør for særleg innsats til beste for kulturlivet i kommunen.

Mottakarar av den kommunale kulturprisen kan vere einskildpersonar, grupper av personar, lag og organisasjonar som høyrer heime i Selje kommune, og som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktivt kulturinnsats ut over det vanlege.

Føremålet med idrettsprisen er å påskjønne og verdsette vedvarande arbeid som einskildpersonar gjer for idretten, å gje ei påskjønning til idrettsutøvarar eller lag med prestasjonar som utmerkar seg.

Prisane skal delast ut på kommunestyret i desember, og frist for innsending er 6. november.

Kulturprisen 2016 blei delt ut til Guni Liv Reed, og Idrettsprisen 2016 blei delt ut til Odd L. Drabløs.

Send forslag (namn på kandidat og grunngjeving, samt namn og kontaktinformasjon til forslagsstillar) per e-post til post@selje.kommune.no, eller ved å bruke skjema under.

Forslag til kandidat til Kulturprisen 2017 (PDF, 191 kB)

Forslag til kandidat til Idrettprisen 2017 (PDF, 300 kB)

Publisert av Janne Weltzien Listhaug. Sist endra 13.10.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering