Småikon skriver str kart Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkart

Kartlegging mobildekning og breibandstilbod

Data - Klikk for stort bilete

 

Selje kommune ynskjer å kartlegge mobildekning og breibandstilbodet i kommunen konkret i dei ulike bygdene. Dette for å kunne formidle behov til leverandørane, men og for å kunne søkje tilskot til utbygging på stadar, som ikkje er prioritert av teleselskapa.

Vi oppmodar innbyggjarar til å melde frå om stader med dårleg mobilsamband eller mangelfult breiband.

Mobilsamband:

Veit du om stader eller strekningar med dårleg/ingen mobildekning i kommunen, så send e-post til reidar.sandviknes@selje.kommune.no, og fortel kva dette er.

Breiband:

Breibandtilbodet i kommunen skjer via koppartråd eller på trådlaust nett frå ulike firma. Flatraket og deler av Selje sentrum har fiber.

Breibandskapasitet vert målt i tal megabits per sekund (Mbps). Det er vanleg å ha asynkront abonnement, dvs at du har større kapasitet på nedlasting frå nettet til pc`en din enn du har frå pc`en til nettet. Du kan sjekke kva for breibandskapasitet du har på ulike nettstader, t.d www.speedtest.no. Bruk helst pc (eller mac, ikkje nettbrett eller mobiltelefon) når du testar. Aller best test får du om du har nettverkskabel frå modemet ditt rett inn i pc`en.

Meld inn:

Meld frå om adresser der du opplever mangelfull dekning eller ustabilt nett. Send melding innan 23.februar til Selje kommune: reidar.sandviknes@selje.kommune.no. Hugs å skrive adressa/gards- og bruksnummer eller anna som gjer at vi kan kartfeste området.

Publisert av Wenche Berget. Sist endra 11.02.2015
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering