Kjernejournal for innbyggarane i Selje frå 1. mars

kjernejournal-skjerm-info-2015-1.jpg - Klikk for stort bilete

Frå 1. mars vert kjernejournal innført i heile Helse Vest. Kjernejournal er ei ny elektronisk løysning der viktige "kjerneopplysningar" om deg og di helse er samla. Du finn meir informasjon på helsenorge.no.

I kjernejournalen vert det samla viktige helseopplysingar som både den einskilde innbyggjar og helsepersonell har tilgang til. Det vil vere ein tryggleik at dei viktigaste helseopplysingane om deg er raskt tilgjengelege for helsepersonell. Kjernejournal vil gje deg tryggare helsehjelp i akutte situasjonar.

Kjernejournal vert oppretta i Selje frå 1. mars og alle som er folkeregistrerte i kommunen vil få ein kjernejournal, dersom du ikkje allereie har reservert deg frå det.

Frå og med 1. mars kan du sjølv sjå og leggje inn opplysingar i din kjernejournal via helsenorge.no, der finn du og meir informasjon om innføring av kjernejournal.

Du kan og ringe brukerstøtte 800HELSE (800 43573).

Publisert av Wenche Berget. Sist endra 11.03.2015
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering