Klosterbåten klar for ny turistsesong

Selja kloster båt - Klikk for stort bilete Helle Frogner Klosterbåten vil tilby båtreise til historiske Selja og Selja kloster også denne turistsesongen. Det er den same båten som har trafikkert ruta dei siste åra som vil bli nytta.

Oppdaterte rutetider og informasjon om billettbestilling er no tilgjengeleg via www.seljakloster.com. Klosterbåten tar imot bestilling på båtturar utover desse fastsette rutetidene, også før sesongstart. Det er i tillegg mogleg å bestille båtturar til andre stadar langs kysten og innover Nordfjorden via Selja kloster_2 - Klikk for stort bilete Helle Frogner www.seljekloster.no.

Reisande med Klosterbåten vil frå mai 2019 kunne bestille både enkeltreiser og gruppereiser digitalt frå klosteret si nettside. Besøkande vil då også få tilbod om digital lydguide på tre språk under besøket på øya.

Klosterbåten sitt nye mannskap med nye uniformer ynskjer tidlegare og nye besøkande velkomne til Selje og Selja, seier representant for båtselskapet Geir-Johnny Rye.

 

 

 

Sist endra 13.03.2019
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering