Kommunalsjefar og stabsleiarar er innplasserte

Logo_STAD_2020.jpg - Klikk for stort bilete Det har i haust vore gjennomført kartleggingssamtale og intervju av alle kommunalsjefar og stabsleiarar i Eid og Selje kommunar i høve innplassering i stillingane som kommunalsjefar og stabsleiarar i Stad kommune frå 1.1.2020. Avgjersle på innplassering er no klar.

To av dei aktuelle kommunalsjefane til stillinga som kommunalsjef for Helse og omsorg, Ragna Haaland og Kari Krogh, har meldt i frå om at dei ikkje ønskjer å fortsetje som kommunalsjef i Stad kommune. Kari Krogh har ønskje å slutte i Eid kommune i løpet av 2019 og Ragna Haaland har sett fram ønskje om ei rådgjevarstilling innan hennar kompetanseområde. Stillinga som kommunalsjef for kommunalområde Helse og  omsorg har vore lyst ut internt i Eid og Selje kommunar, og det var ein søkjar til stillinga. Det er skrive innstilling, med grunngjeving,  i tilsetjingssakene av programleiar, som grunnlag for drøfting i møte med dei tillitsvalde 2.11.2018.

Tilsetjing:
1. Harald Sivertsen er tilsett i 100 % fast stilling som kommunalsjef for kommunalområde
oppvekst og opplæring frå 1.1.2020, med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid
2. Elin Leikanger er tilsett i 100 % fast stilling som kommunalsjef for kommunalområde areal
og eigedom frå 1.1.2020, med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid
3. Kristine Dahl er tilsett i 100 % fast stilling som kommunalsjef for kommunalområde
kultur og samfunn frå 1.1.2020, med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid
4. Barbro Longva er tilsett i 100 % fast stilling som kommunalsjef for kommunalområde Helse
og omsorg, med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid
5. Ole Starheim er tilsett i 100 % fast stilling som leiar for stabsområde økonomi frå 1.1.2020,
med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid
6. Ingunn Rotihaug er tilsett i 100 % fast stilling som leiar for stabsområde personal og kommunikasjon
frå 1.1.2010, med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid
7. Kristin Otneim Aarsnes er tilsett i 100 % fast stilling som leiar for stabsområde strategi og
samordning frå 1.1.2020, med arbeidsstad for tida rådhuset på Nordfjordeid
8. Ragna Haaland er tilsett i 100 % stilling som rådgjevar for stabsområde strategi og samordning
frå 1.1.2020, med arbeidsstad for tida rådhuset i Selje

 

Meir informasjon kan du lese på Stad2020 si heimeside

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 05.11.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering