Småikon skriver str kart Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkart

Om Selje

Selje har vakker natur, er ein god stad å bu med mange ulike aktivitetar å ta del i.

Om Selje (Wikipedia)

Sola har gått ned i havet. Bildet syner hav og himmel --utsikta utover havet inkludert Skongenes, Sildegapet, Silda og Stad - Klikk for stort bilete

Administrasjonssenteret Selje ligg lunt til langs den 1/2 km lange kvite havstranda Seljesanden. Her er god småbåthamn, den siste før Stadhavet. Selje har dagleg ekspressbåtsamband med Bergen.

På øya Selja tok den irske kongedottera Sunniva seg i land. Her finn ein hola der St. Sunniva leid martyrdauden og ruinane etter ei kyrkje og Benedictinarklosteret fra år 1103. I sommarhalvåret er det dagleg turistruter til Selje kloster.

Selja var eit av dei tre første bispeseta i landet. Da bispesetet vart flytta til Bergen overtok klosteret bispekyrkja.

På Dragseidet finn ein enno spor fra den tida da folk drog båtar over land som ikkje våga sigle i ope hav rundt Stad. Ein stor steinkross er reist på Dragseidet til minne om Olav Tryggvason som kristna fire fylke (Romsdal, Sunnmøre, Firda, Sygna) her i 997.
Leikanger er tettstaden på nordsida av Stadlandet. Leikanger kyrkje, opphaveleg reist på Selja, vart flytta to gonger, i 1654 og i 1866. På veg til Eltvik, på Storeneset er det restar av festningsanlegg fra 2. verdenskrig. Det er bilveg heilt fram til turistmålet Vestkapp som ligg 497 m over havet, på eit høgt stupbratt fjellplatå. Frå Vestkapphuset har ein ei fantastisk panoramautsikt. På Indre Fure, med Stadhavet som næraste granne, ligg husa tett saman i klyngetun. Herfra går det ein sti ut til Ytre Fure der gardsbruka klorer seg fast til fjellet.

Langs fjellsidene i den flate og vide bygda Hoddevik ligg det flygesand. Her er og ei herleg sandstrand med gode tilhøve for bølgesurfing. I Ervik, ut mot sjølve storhavet, ligg ein vakker liten kyrkjegard. Ervikkyrkja er reist til minne om dei 43 som gikk ned med hurtigruteskipet St. Svithun ved krigsforliset i 1943. Ervik har ei fin sandstrand, og ei lita elv med både aure og laks.

Sør i kommunen ligg Flatraket, som er tettstaden i den søre delen. Det er ei stor og opa bygd med ei lang og romsleg strandlinje. Kort avstand til øya Silda, ei lita idyllisk øy. På Flatraket er det skule, barnehage, eldretun, bibliotekfilial, 3 bustadfelt , butikk i tillegg til bedrifta Fiskevegn som produserer fiskeustyr. Det er 15 minutt å køyre frå Flatraket til Måløy sentrum.

Barmen er ei idylisk øy som ligg mellom Selje og Flatraket. Det tek omlag 8 min. ferjetur til Barmen, ei øy med mykje aktivitet og flott turterreng.

     
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no
Login for redigering