Personvernombod Selje kommune

Det er strenge internasjonale reglar om korleis vi som kommune skal lagre, vedlikehalde og slette personopplysingar. Om du ber om det, kan du få innsyn i personopplysningar kommunen har registrert om deg, og du kan be om at opplysningar som er feil vert retta opp. Personvernombodet er kontaktpunkt for alle som er registrerte med personopplysningar i Selje kommune. 

Ombodet skal sikre at personvernreglane vert følgt opp i kommunen. Rådmannen har pålagt personvernombodet å føre oversikt over korleis personopplysningane i kommunen blir behandla.

For tilsette i kommunen skal ombodet gje råd om vurdering av personvernkonsekvensar og følgje opp interne retningslinjer for handtering av personopplysingar. Ombodet skal samarbeide og vere kontaktpunkt mot Datatilsynet og kan spørje Datatilsynet om rettleiing i konkrete saker.

Selje kommune sitt personvernombod er
Lars Helge Hopland

47976703

Lars.hopland@eid.kommune.no
 

Personvernombodet har kontor på kommunehuset på Eid.

Ny personopplysningslov gjennomfører EU si personvernforordning GDPR (General Data Protection Regulation)

Sist endra 20.12.2018
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no
Login for redigering