Konferanse om «Smerta ein ikkje ser»

Adil.jpg - Klikk for stort bilete
Den .18. november arrangerer Røde Kors Ungdom i lag med Ungdomspolitisk utval, Elevorganisasjonen og ungdomspartia i Sogn og Fjordane ein konferanse om ung psykisk helse med namn «Smerta ein ikkje ser».

Det er mange som sit inne med ei smerte som ingen andre kan sjå. Ei smerte som ofte vert bagatellisert og gløymd. Det er alt for mange som tek sjølvmord, det er alt for mange som opplever vald og utryggleik i heimen, og det er altfor mange som sit åleine med angst og smerte.

Konferansen er 18. november, i Storsalen i Førdehuset.


Gjennom konferansen ønskjer vi å synleggjere desse humanitære utfordringane, slik at dei som slit kan bli sett, høyrt og verdsett.
Konferansen er open for alle, spesielt inviterte er ungdom, lærarar, politikarar og andre som arbeider med ungdom og psykisk helse.

Program for konferansen
12:00 – Kulturelt innslag – Jostein Vedvik, artist
12:05 – Velkomen – Jon Atle Rise, leiar av Røde Kors Ungdom
12:10 – Humanitære behov blant ungdom i Noreg – Robert Mood, president i Norges Røde Kors
12:40 – Dei som vert gløymde – Inge Nordhaug, klinisk sosionom i barne- og ungdomspsykiatri, RVTS 13:10 – Open skule, ein møteplass – Liv Ingunn Holvik, miljøkoordinator Firda vgs.
14:00 – Samfunnsutviklinga for ungdom – Panel med ungdomsparti og -organisasjonar
15:00 – Fordi livet endrar seg ... – Adil Khan, Adils hemmlige dansere og dommar i norske talentar

Det er viktig for oss at din kommune er representert på denne konferansen, og viser at de tek ungdommen på alvor!

Det vert sett opp gratis buss frå store delar av fylket, og det er gratis påmelding.

Påmelding og meir informasjon finn du her: rodekors.no/konferanse
Frist for påmelding er sett til 10. november. 

Publisert av Janne Weltzien Listhaug. Sist endra 02.11.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering