Korleis styrke reiselivet i vårt nærområde?

Blomefjøre - Klikk for stort bilete TID: 4. desember kl 17.30 - 20.30

STAD: Furebuda Mathus, Leikanger

Ein invitasjon til alle som er interessert i reiseliv, lev av reiseliv og er opptekne av utvikling og trivsel i vårt nærmiljø.

 

 

 

 

 

Publisert av Wenche Berget. Sist endra 03.12.2014

I eit felles nettverk

kan vi hauste erfaringar, lytte, lære, utvikle idear, gje kvarandre feedback, utfylle og inspirere kvarandre.

Med eit slikt fellesskap kan ein verte betre kjende og kanskje samlast kring ei felles retning.

Når fleire samarbeider og ynskjer å gjere kvarandre betre, vil dermed kundane få ei rikare oppleving. Det handlar om lokal verdiskaping, å få kundane til å bli ein dag ekstra i området, og at vi har kultur for å anbefale kvarandre.

Kanskje får vi til å samlast i eit slikt nettverk i vårt nærområde?

 

Ynskjer vi å skape noko, er det vi sjølve som kan gjere noko med det. Kva vil vi? Kva skal til for å verte betre? Kva er drivkrafta og kva er draumen?

 

Foredragshaldarar:

* Marita Lindvik,Reisemål Stryn og Nordfjord (Framtid, trendar og samspel)

* Svein Inge Fosse, Knutholmen (Vertskaps rollen og lokalsamfunn)

 

 

Hjarteleg velkomne

 

Å kome saman er byrjinga

Å halde saman er framgang

Å arbeide saman er suksess

 

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering