Kultur og idrettspris 2016

Tone Beate Drage - idrettspris 2016 - Klikk for stort bilete Selje kommune ynskjer framlegg til kandidatar til Kultur- og Idrettspris 2016
Frist for innsending er: 1. november 2016
Bruk skjema som du finn under.

Publisert av Maria Helgesen. Sist endra 26.09.2016

Stig Magne Ødegård - kulturpris 2016 - Klikk for stort bilete Føremålet med kulturprisen er å hjelpe fram det frivillige kulturarbeidet, og prisen skal tene som ein honnør for særleg innsats til beste for kulturlivet i kommunen. Mottakar av den kommunale kulturprisen kan vere einskildpersonar, grupper av personar, lag og organisasjonar som høyrer heime i Selje kommune, og som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats ut over det vanlege.

Selje Idrettsråd deler ut ein årleg pris med føremål å påskjønne:
a: vedvarande arbeid som einskildpersonar gjer for idretten,  
b: idrettsutøvarar med prestasjonar som utmerkar seg,
c: lag med prestasjonar som utmerkar seg.
For kandidatar under b og c må prestasjonane utmerke seg på krinsnivå.

Nominere til Kulturpris 2016 (DOCX, 174 kB)

Nominere til Idrettsprisen 2016  (DOCX, 174 kB)
 

Bildene er av dei som fekk kultur og idrettsprisen i 2015:  Stig Magne Ødegård og Tone Beate Drage

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering