Kulturmidlar 2018

illustrasjonsfoto sang.jpg - Klikk for stort bilete

Selje kommunestyre har satt av midlar som skal delast ut som driftstilskot til lag og organisasjonar som driv kulturarbeid i kommunen.
Søknaden sendast til post@selje.kommune.no innan 1. oktober 2018. Merk med referanse 18/437 - kulturmidlar 2018

Utdrag frå retningslinjene, vedtatt 2018:

Selje kommune sin kommuneplan, samfunnsdelen, er kultur og samhandling med frivillige lag og organisasjonar eitt av dei tverrfaglege tema som er integrert i alle område i samfunnsdelen. Selje kommune skal støtte opp under dugnadsbasert innsats, med følgjande mål under Leve og bu i Selje: "Det skal vere attraktivt å busetje seg i Selje!"

Kommunestyret set årleg av midlar med det mål å bidra til å fremje eit aktivit og allsidig kulturliv i tråd med kommunen sine målsetjingar. Spesielt prioritert er aktivitetar for barn og unge, og spesielt tilrettelagt for personar med spesielle behov.

Kommunestyret fastset ramma for dei årlege kulturmidlane (driftstilskot til lag og organisasjonar), som skal delast ut som tilskot til

  • Idrettsorganisasjonar
  • Song og musikkorganisasjonarillustrasjon fotball.jpg - Klikk for stort bilete
  • Andre lag og organisasjonar 

Søknaden kan du sende til post@selje.kommune.no eller per post, Selje kommune, 6740 Selje.
Merk med referanse: 18/437- kulturmidlar 2018

Søknadsfristen er satt til 1. oktober 2018.
 

For meir informasjon:

Retningslinjene for å søkje kulturmidlar (PDF, 335 kB)

Kommunestyret sitt vedtak 2018 (PDF, 508 kB)

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 06.07.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering