Kulturnatt 2019

Kulturnatt logo.JPG - Klikk for stort bilete Vil du/ditt lag/organisasjon vere med å forme siste kulturnatta som Selje kommune?
Kulturnatt blir arrangert rundt om i Nordfjord 8.- 10. november 2019.
Meld inn ditt/dykkar aktivitet/arrangement til maria.helgesen@selje.kommune.no  
Det som blir meldt inn vil komme i eit samla program for heile kommunen.

Det kan vere turløype og/eller andre aktivitetar, konsertar, poesikveld, utstillingar, framsyningar, kurs, opningstider, kulturnattmeny og/eller tilbod på butikkar og resturantar. (m. m)

Kulturnatt er andre helga i november.  
Alt av tilbod og opplegg rundt om i kommunen som blir arrangert
8.,9.,10.  november er av interesse å få med i ei felles oversikt.
(Fint å få innmelding før 1. okt.)

 

Kunne ein fått til ein love til låve løype feks?
Vi har so mange flotte og spesielle låvar rundt om. 
Muligheitene er mange. Både i låvane men og alle andre plassar. Alle arrangement og opplegg som blir meldt inn må vere sjølvstendige og ha eiga marknadsføring og regi, men ein vil i tillegg bli maknadsført i heile Nordfjord igjennom fellesprogrammet som vil bli laga.  

 

Arrangera ein tilbod/aktivitet for ungdom kan ein nemne dette i innmeldinga å soleis få midlar til skyss.
(LTU midlar = Lokale Transportmidlar for Ungdom)
Meir info vil ein få etter innmelding.

Sist endra 19.09.2019
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering