Kunngjering - arealdel til kommuneplan 2019-2027

illustrasjon kart.png - Klikk for stort bilete Kommuneplanen sin arealdel vart vedteken 9. mai 2017 av kommunestyret. Her finn du informasjon om arbeidet som er gjort i etterkant med motsegner til arealdelen.

Selje kommune sin arealdel til kommuneplan 2019-2027 vart vedteken av kommunestyret 9. mai 2017 i sak 035/17.

På grunn av motsegner frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, fekk ikkje planen rettsverknad for fylgjande område:

  • BN6, BAB7, SHA1 Hamreosen
  • BKB13 Sandvikneset v/ Barmsund
  • BFR12 Eide
  • BKB5 Årsheim næringspark

Det blei gjennomført mekling med fylkesmannen 03.10.2017. Det vart ikkje oppnådd semje i meklinga for BKB13, Sandvikneset v/Barmsund og BKB5, Årsheim næringspark. I sak 076/17 for kommunestyret med vedtaksdato 09.11.2018 vart fylgjande vedteke for område BKB13 og BKB5:

• Sandvikneset (BKB13)

Selje kommune aksepterer ikkje meklingsresultat i denne saka og sender saka til departementet for
endeleg avgjerd ut i frå vedlegg 3, skisse 2 med avstand frå hytte til sjø på 30 meter.

• Årsheim (BKB5)

Selje kommune aksepterer ikkje meklingsresultat i denne saka og sender saka til departementet for
endeleg avgjerd ut i frå kommunestyrevedtak 9. mai 2017 under sak 35/17 for overnemnte område.

Fylkesmannen sende saka til kommunal- og moderniseringsdepartementet 5. januar 2018.
Departementet gjennomførte synfaring 28. februar 2018 med representantar frå Selje kommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, klima- og miljødepartementet og miljødirektoratet.
Klima- og miljødepartementet har uttalt seg til saka i brev 19. april 2018.
Det kongelege kommunal- og moderniseringsdepartement har fatta avgjerd i saka i brev datert 6. juli 2018.
Plandokumenta er endra i samsvar med Fylkesmannnen i Sogn og Fjordane si avgjerd for BN6, BAB7, SHA1 Hamrosen og for BFR12 Eide, samt det kongelege kommunal- og moderniseringsdepartement si avgjerd for BKB13 Sandvikneset og BKB5 Årsheim næringspark.

Plandokument:

Saksdokument knytt til vedtak av kommuneplanen sin arealdel 2017-2029

Saksdokument knytt til vedtak om mekling med fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Meklingsprotokoll etter møte med fylkesmannen i Sogn og Fjordane 03.10.2017, datert 06.10.2018.

det kongelege kommunal- og moderniseringsdepartement, brev datert 06.07.2018.
Plankart, oppdatert etter vedtak i departementet.

 

Sist endra 03.01.2019
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering