Kven meiner du fortener kulturprisen og idrettsprisen 2018?

hip hop - Klikk for stort bilete Kjenner du til nokon som fortener honnør for særleg innsats for arbeid med kultur eller idrett i Selje kommune?

Selje kommune ønskjer framlegg til kandidatar til Kultur- og Idrettsprisen 2018

Frist for innsending er 4. november 2018.

Damefotball - Klikk for stort bilete Føremålet med kulturprisen er å hjelpe fram det frivillige kulturarbeidet i kommunen, og skal tene som ein honnør for særleg innsats til beste for kulturlivet i kommunen.

Føremålet med idrettsprisen er å påskjønne og verdsette vedvarande arbeid som einskildpersonar gjer for idretten, og gje ei påskjønning til idrettsutøvarar eller lag med prestasjonar som utmerkar seg.

Mottakarar av prisane kan vere einskildpersonar, grupper av personar, lag og organisasjonar som høyrer heime i Selje kommune, og som har vist vedvarande evne og vilje til å yte aktivt kultur- og idrettsinnsats ut over det vanlege.

Kulturprisen 2017 blei delt ut til Unni Bosnes Eltvik, og Idrettsprisen 2017 blei delt ut til Adrian Mortensen.

Send forslag (namn på kandidat og grunngjeving, samt namn på forslagsstillar) per e-post til post@selje.kommune.no, eller bruk skjema nedanfor og send per post.


Skjema og retningsliner:

Kulturprisen 2018 (PDF, 328 kB)

Idrettsprisen 2018 (PDF, 510 kB)

Publisert av Belinda Fure. Sist endra 31.10.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering