Kystpilegrimsleia blir opna på Selja 26. juli

26. juli kjem Riksantikvaren sjølv til Selja for å opne kystpilegrimsleia mellom Rogaland og Nidaros. Vi ventar mange pilegrimar og andre reisande til Selje og Selja til denne store hendinga. Det gamle hurtigruteskipet Nordstjernen vil kvelden før ankre opp på innsida av Selja – og vere sentral i markeringa

Selje og Selja er eit naturleg vál for lansering av den «nye» (eigentleg den eldste!) pilegrimsruta i Noreg. Selja har historisk vore ein viktig stad på den gamle «europavegen» langs kysten. Med kloster- og helgenanlegget er Selja også eit sjølvstendig pilegrimsmål på vegen mot Nidaros.

Selje kommune arrangerte i 2010 den første kystpilegrimskonferansen i landet. Målet var å starte arbeidet med ei samanhengane kystpilegrimsrute frå Stavanger til Trondheim. Dette var også starten på eit treårig forprosjekt som har involvert bispedømma og fylka langs kysten. Forprosjektet er no avløyst av eit hovudprosjekt for utviklinga av denne kystpilegrimsleia.

26. juli kl. 14 startar programmet på Selja der sjølvaste Riksantikvar Jørn Holme står for den høgtidsame lanseringa av Kystpilegrimsleia. Då har båtar i fleire timar frakta reisande til øya . Sidan dette handlar om pilegrimsleia og vandring med båtar og til fots, vil truleg mange reisande finne glede i å velje ein av dei tre stiane frå Bø til klosteret denne dagen.Lofoten ved klosteret 1 - Klikk for stort bileteLofoten ved klosteret 1 B. Fløde

Nordstjernen kjem til Selje alt kvelden før, den 25. juli. Det vil bli høve for reisande å overnatte ombod i skipet frå 25. til 26. juli. Om kvelden den 25. vil det bli halde kompletorium i klosterruinane. I samband med dette, vil det bli ordna med båtskyss til øya.

Vi ventar mange pilegrimar og andre reisande til Selje i høve denne viktige markeringa. Truleg vil mange komme til Selje alt den 25. I sentrum vil det vere ulike tilbod. Eit fyldig program kjem snart, men vi kan alt her nemne Kloster- og Sunnivautstillinga i Doktorgarden og utstillingar m.m. i det gamle kommunehuset. Fleire serveringsstadar vil tilby gode måltid til dei reisande, og gjestar finn ulike overnattingsmulegheiter sentrumsnært.

Nordstjernen reiser vidare til Åheim etter at programmet på Selja er over. Det vil bli høve til å tinge seg eit «minicruise» kring Stad denne kvelden. Då vi reknar dette som eit populært tilbod, bør ein truleg vere tidleg ute med å tinge plass til denne turen.

Som nemnt vil det snart komme eit fyldig program i høve dette store arrangementet, men vi vil alt her ynskjer pilegrimar og andre reisande -- samt fastbuande i kommune og region—velkomne til denne store hendinga på Selja den 26. juli!

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering