Ledig stilling som rektor - Stadlandet skule

Ledig 100% fast stilling som rektor ved Stadlandet skule frå 01.08.2016. 

Søknadsfrist 25.04.2016

Søknaden sendes elektronisk. (saksnr 16/199).

Velkommen i eit godt rektorkollegium som er saman om å vidareutvikle grunnskulen i Selje kommune. Rektorane i Selje kommune skal vere med å  gje retning, bygge relasjonar og ha pedagogisk leiarskap – der kvaliteten i klasserommet og elevane sitt læringsutbyte -står sentralt. Grunnskulen i Selje kommune er god, og vi ynskjer å  gjere den enno betre!
• Stadlandet Skule er  1- 10-skule . Skulen har om lag 100 elevar.
• Administrasjonsressurs: 110% fordelt på rektor og inspektør
• Eit godt utdanna og utviklingsorientert personale


Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Tilsetting etter gjeldande lov og avtaleverk. Politiattest etter Opplæringslova §10-9.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til rådmann Ørnulf Lillestøl, tlf. 48034711 eller driftsrådgjevar oppvekst  Kristin O. Aarsnes, tlf .  57858500       
Ver  vennleg å gje opp to referansar
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli gjort offentleg (jf. Off.-lova  §25)

 

Publisert av Wenche Berget. Sist endra 06.04.2016
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering