Ledig stilling ved kommunalteknikk

Avløp - Klikk for stort bilete 100% fast stilling som fagarbeider/arbeider– Sak 15/102

Søknadsfrist 01.03.2015

Elektronisk søknadskjema

Sentrale arbeidsoppgåver er:

  • Drift-, vedlikehald og utbygging av kommunaltekniske anlegg og installasjonar, i tillegg til alt førefallande arbeid innafor kommunalteknikk, ma. brøyting av kommunale vegar, i tillegg til drift og vedlikehald av vass- og avløpsanlegg.
  • Kommunalteknisk eining har pr. dato ma. to fullautomatiserte vassrenseanlegg som inngår i dagleg drift- og vedlikehald.
  • Eininga driftar også eit containermottak for restavfall i fast oppsette opningstider, og den som vert tilsett må pårekne å måtte delta i denne drifta etter oppsett turnus.

Kvalifikasjonar:

  • Yrkesbevis/fagbrev innafor bygg- og anleggsfag er ønskeleg, men ikkje noko krav.
  • Det same gjeld maskinførarbevis evt. yrkesbevis for anleggsmaskinførar.
  • Søkjaren må ha allsidig praksis frå anleggsarbeid, helst frå arbeid med veg-, vatn - og avløpsanlegg.
  • Erfaring frå elektrotekniske arbeid vil være ein fordel.
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og vere fleksibel
  • Minimumskrav til førarkort: kl. B E T

Det er ein føresetnad med deltaking i kommunaltekniske vaktordning, der ma. brøyting av kommunale vegar normalt inngår. Erfaring frå slikt arbeid vil vere ein fordel. Nødvendig opplæring for å delta i slik vaktordning vil bli gjeve.

Den som vert tilsett må kunne disponere eigen bil i tenesta.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege (viser til Off.lova § 25)

Nærare opplysningar om stillingane vil ein kunne få ved å vende seg til:

Eining for kommunalteknikk v/tenesteleiar Terje Nybakk, tlf. 97990415, eller uteseksjonen på tlf. 57 85 66 05 / 970 61 057.

Tilsetjing etter gjeldande lover og avtaleverk. Pliktig trekk i KLP.

Publisert av Svein Barmen. Sist endra 04.02.2015
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering