Småikon skriver str kart Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkart

Lokaldemokratiundersøking i Eid og Selje

Logo_STAD_2020.jpg - Klikk for stort bilete

Som grunnlag for å styrkje arbeidet med lokaldemokratiet i den nye kommunen gjennomfører STAD 2020 ei undersøking for å kartleggje lokaldemokratiet i dagens to kommunar. Undersøkinga vil gje eit bilde på gode og mindre gode erfaringar, og vere til hjelp når ein skal vurdere behov for endring og utvikling i den nye kommunen.

KS Lokaldemokratiundersøking vert gjennomført av KS/bedrekommune.no og er eit av verktøya som vert framheva i Kommunal- og moderniseringsdepartement sitt prosjekt Fornying og utvikling av lokaldemokratiet i kommunar med vedtak om samanslåing. 

Undersøkinga består i ei undersøking blant innbyggjarane og folkevalde i Eid og Selje. Delen av undersøkinga som går mot dei folkevalde vert gjennomført i kommunestyret i begge kommunane 9. november. Telefonintervju blant innbyggjarane vil skje i tidsrommet rundt den 9. november (veke 45).

Les meir om undersøkinga på heimesida til Stad 2020.

Publisert av Janne Weltzien Listhaug. Sist endra 07.11.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering