Byggeløyve

Byggesak - Klikk for stort bilete

Går du med byggeplanar, er det lurt å undersøke kva som må til av søknad og løyve i god tid. 

Frå 1.juli 2015 vart Plan og bygningslova endra. Du kan etter lovendringa mellom anna setje opp ei garasje på inntil 50 m² eller eit tilbygg på 15 m², utan å sende byggesøknad til kommunen. Forenklinga av reglane gjev den enkelte større fridom til å bygge, men samstundes kviler eit større ansvar på tiltakshavar. Det er den enkelte utbyggar sitt ansvar å bygge i samsvar med lovverket og gjeldande planar. På denne lenka finn du informasjon om kva du kan bygge utan å søkje 

Her finn du byggereglar og søknadsskjema

Er du i tvil om kva byggereglar som gjeld for ditt tiltak eller kva naboar som skal varslast, kan du ta kontakt med avd. for Plan og Utvikling. Send gjerne e-post til gry.otneim.leikanger@selje.kommune.no eller ring 57858500.

Inneber utbygginga graving i grunnen, må du ta kontakt med kommunen for å høyre om tiltaket kjem i konflikt med deira leidningsnett. I tillegg må du sende søknaden din til Geomatikk som er ei landsdekkande teneste for gravemelding og kabelpåvising gravemelding.oslo@geomatikk.no

Her er meir informasjon om gravemelding.

Vi prøver å behandle kurante saker (søknader i samsvar med plan og utan merknader) så snart merknadsfristen er ute. Søknader som går utover rammene i vedteken arealplan og/eller der det ligg føre merknader, vil måtte ta lengre tid, mellom anna fordi det då vil vere krav om politisk behandling.

Sist endra 27.03.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no
Login for redigering