Feiing og brannsyn

Etter sentral forskrift om brannforebyggande tiltak og tilsyn skal kommunen syte for feiing etter behov, men likevel minst ein gong kvart fjerde år. Kor ofte det skal feiast, blir i praksis bestemt av feiaren saman med huseigar.

Feiaren kjem - Klikk for stort bilete

Tilsyn med fyringsanlegg og anna som har noko å seie for brannsikringa av bustaden, såkalla brannsyn, blir gjennomført kvart fjerde år.

Heimel for å krevje gebyr for både feiing og tilsyn går fram av § 28 i brannlova. Gebyret omfattar ordinære feie- og tilsynsoppgåver. 

Rekning på feiing og tilsyn blir sendt ut halvårleg og er indeksregulert. Ein betalar same beløpet sjølv om ein har feiing og tilsyn kvart 4.år

Dersom huset står tomt eller skorsteinen/ -ane er avstengde, kan du søkje om fritak for gebyret.

Feie og tilsynsteneste vert utført av Eid kommune

Kontakt:
Eid kommune
Rune Høydal / rune.hoydal@eid.kommune.no - 975 28 887

Sist endra 02.04.2019

Relaterte ressursar

Teneste (1)
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering