Oppmåling og frådeling

Frådeling - Klikk for stort bilete Her finn du opplysningar om frådeling og oppmåling av eigedom.
I regulert område blir reguleringsplanen lagt til grunn, og deling i samsvar med plan er ei kurant sak som det normalt blir gitt løyve til i løpet av få dagar.

Deling - Klikk for stort bilete I område avsett til utbyggingsformål i kommuneplanen, er det sett krav om reguleringsplan, og frådeling utan slik plan vil normalt bli avvist. I landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område) i kommuneplanen er det forbod mot deling og bygging som ikkje er knytt til stadbunden næring (landbruksdrift).

Løyve til frådeling i slike område kan likevel gjevast, men sakshandsaming er då langt meir omfattande:

1. Frådeling etter jordlova
Her blir vurdert tiltaket sin verknad på landbruksverdiane generelt og det aktuelle gardsbruket spesielt. Gebyr for ei slik vurdering er kr. 2000,-

Vedtaksorgan er Driftsutvalet. I kurante saker gjer rådmannen vedtak.

2. Dispensasjon frå byggeforbod i LNF-område, jfr. pbl. §7
Søknaden må på høyring til Fylkesmannen si landbruksavdeling og miljøvernavdeling og fylkeskommunen si kulturavdeling. Løyve til veg fram til og avkøyrsle frå offentleg veg, og godkjent plan for vatn og avløpsanlegg skal ligge føre.

Dispensasjonar blir normalt behandla i formannskapet, og løyve kan berre gjevast dersom det ligg føre særlege grunnar.

3. Frådeling etter plan- og bygningslova
Vedtaksmynde har Driftsutvalet. Kurante saker er delegert til rådmannen.

Med frådelingssøknad skal alltid vere kart og gjenpart av nabovarsel. Ved søknader i LNF-område skal også avløpsplan leggast fram, og søknaden må som sagt vere skriftleg grunngjeven.

4. Oppmålig
Dersom det er gitt løyve til frådeling, vil oppmålingsavdelinga foreta naudsynt varsling om oppmålingsforretning til dei som er partar i saka, og gjennomføra oppmålingsforretninga. Det vert så føreteke oppmåling av parsellen og avmerking av grensene. Til slutt vil dei utarbeide matrikkelbrev over eigedomen, som vert sendt til tinglysing.

Skal den frådelte eigedomen overdragast til annan eigar, skal det skrivast ut skøyte. Dersom Selje kommune ikkje er heimelshavar til eigedomen, er dette eit privatsrettsleg tilhøve. Søkjar finn meir informasjon på http://www.statkart.no Tinglysingen.

Heimelsoverdraging av fast eigedom skal vurderast etter konsesjonslova. Kontakt kommunen for meir informasjon.

Matrikkelbrev vert levert når eigedomen er tinglyst. For anna areal: etter kunden sitt ynskje.

Akuelle skjema:
Søknadskjema, (DOC, 101 kB)  Skjema: Handsaming etter jordlova (PDF, 48 kB) Søknad om dispensasjon (PDF, 76 kB) nabovarsel

Du får hjelp og rettleiing på Servicekontoret 57 85 85 00 eller post@selje.kommune.no

Eller ved å kontakte sakshandsamarane

Anja Midttun e-post:Anja.Midttun@selje.kommune.no

Kristian Nave e-post kristian.nave@selje.kommune.no .

Sist endra 10.09.2018

Relaterte ressursar

 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering