Offentlege og private avløpsanlegg

Offentlege avløpsanlegg

Kommunen har offentlege avløpsanlegg på Flatraket, Selje og på Leikanger

I tillegg har kommunen offentlege avløpsleidningar på Barmen og i Kjøde. For å knyte seg til desse leidningane, må ein på førehand ha montert slamavskiljar.

Det er tilkoplingsplikt til offentleg avløpsanlegg der det ligg slikt leidningsnett eller anlegg i nærleiken. Autoriserte røyrleggjar skal utføre alt arbeid i samband med tilkopling til offentleg leidningsnett.

Kontakt: Tenesteleiar kommunalteknikk, tlf 57 85 85 00

Avløp - Klikk for stort bilete Private avløpsanlegg
kan godkjennast i spredtbygde område. Plan skal utarbeidast av fagkunnig. Totalbelastinga på resipient skal vurderast.

Det er tre løysingar som kan godkjennast:
1. Slamavskillar og infiltrasjon. Dette forutsett rett samansetning av
    massene i grunnen, og ikkje for bratt terreng.
2. Slamavskillar og utløp til minst 2 meter djupne i sjøen.
3. Minireinseanlegg med utløp til elv med stor nok 
    årssikker vassføring.

Frå 01.01.2007 kan ikkje dei mykje brukte sandfiltergrøftene lenger godkjennast, då styresmaktene har skjerpa inn krav til reinsing.

Slamavskiljar - bustadhus blir tømt kvart 2. år, hytter/fritidshus - kvart 4..


Kontaktpersonar:
- Tenesteleiar Plan- og utvikling, tlf 57 85 85 00

Publisert av Svein Barmen. Sist endra 27.03.2018

Relaterte ressursar

Teneste (1)
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering