Kommunale utleigebustader

Selje kommune v/eigedomsavdelinga disponerer 13 husvære for utleige.
Husværa vert utleigd til (i prioritert rekkefylgje):

1. Tilsette i Selje kommune
2. NAV (sosialdelen) sine klientar
3. Andre som har trong for bustad.

Leigetida er avgrensa til tre år, og opphøyrer då utan oppseiing.  Elles skal leigetilhøvet seiast opp med 4 månaders varsel.

Før leigetilhøvet tek til, skal det stillast depositum/bankgaranti for 2 månaders husleige.

 Kommunen har følgjande husvære i Selje sentrum:

I Brannstasjonen (Gbnr. 56/1 feste 137) - 3 husvære:
Hovudhusvære,        4 rom, 180 m2
Midthusvære,           2 rom, 45 m2
Endehusvære (aust), 2 rom 45 m2

I rekkehus Sagatun II (Gbnr. 56/67) - 4 husvære:
Hovudhusvære vest (B1L), 5 rom, 127 m2
Hybelhusvære vest (B1H), 1 rom, 47 m2
Hovudhusvære midt (B2L), 5 rom, 127 m2
Hybelhusvære midt (B2H), 1 rom, 47 m2

I bustad Hauane (Gbnr. 56/1 feste 99) - 2 husvære:
Hovudhusvære, 6 rom, 145 m2
Hybelhusvære (kjellar), 3 rom, 60 m2

I bustad Hamre (over biblioteket) (Gbnr. 58/44) - 3 husvære:
Husvære vest, 3 rom, 81 m2
Husvære midt, 3 rom, 60 m2
Husvære aust, 3 rom, 75 m2

På Flatraket har kommunen følgjande bustad:
Einebustad (Gbnr. 89/49) - 5 rom, 150 m2.

I tillegg disponerer eigedomsavdelinga 6 garasjar for utleige i garasjeanlegget i Hauane

Dersom du er interessert i å leige husvære, ta kontakt med Servicekontoret,

telefon 57 85 85 00.

Relaterte ressursar

 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering