Rushjelp i Selje kommune

Karoline Finnøy arbeider som ruskonsulent i Selje kommune, med kontor på NAV i Kommunehuset i Selje.

Ho er utdanna sosionom og har tidlegare erfaring frå arbeid innan rusfeltet.

Du kan nå Karoline Finnøy på følgjande nummer: 979 90 404.

Karoline disponerer bil og kan tilpasse møtestad etter dine ynskjer.

Andre telefonnummer:
Ambulantteam: 415 30 370
Nordfjordpsykiatrisenter: 578 64 330
Naudtelefon psykisk helse: 116 123

Rusettervernet i Sogn og Fjordane:
Døgnope vakttelefon: 948 34 493

Er du i ein vanskeleg livssituasjon og har behov for hjelp og støtte?
Rustenesta Karoline arbeider i er eit fleksibelt tilbod. Det vil seie at det i stor grad er du som avgjer korleis samarbeidet skal sjå ut.

Karoline kan bidra med:
- Samtale og rettleiing
- Økonomi
- Opplysning om tilbod som eksisterer og dine rettar
- Oppfylging i bustad
- Skyss til ulike avtalar
- Individuell Plan
- Samarbeid med andre instansar

Karoline har teieplikt etter helsepersonellova §§21 og 22.
Samarbeid med andre er berre etter samtykke frå deg.

Ettervern:
Ho tilbyr oppfylging av deg som har blitt rusfri.
Dersom du skal i rusbehandling kan ho samarbeide om plan for oppfylging.

Pårørande:
Har nokon av dine nære vanskar med rus? Pårørande treng òg å bli sett. Har du spørsmål eller ynskjer ein samtale, ta gjerne kontakt med Karoline.

Kontakt:
Du kan ta kontakt ved å ringe eller sende melding til 979 90 404.
Karoline jobbar i 50 prosent stilling. Dersom du ikkje får svar, tar eg kontakt så snart eg er på jobb.

Sist endra 27.03.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering