Bålbrenning

Kan du brenne i tidsrommet 15 april til 15 september?

Det er forbode å gjere opp eld og handsame brannfarlege gjenstandar utandørs som kan føre til brann. Oppgjort eld må aldri forlatast før det er heilt slokna.

I tidsrommet 15 april til 15 september er det forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan tillatelse frå kommunen. Her kan sjå oppdatert informasjon om skogbrannfare i ditt distrikt.

Kommunestyret kan sjølv gjennom lokal forskrift fråvike dette forbodet innanfor tidsrommet 15 april til 15. september dersom lokale forhold tilseier det. Utanfor dette tidsrommet kan kommunen òg innføre forbod mot bruk av open eld dersom vêrforholdet eller anna årsakar tilseie brannfare.

Per i dag har ikkje Selje kommune ei lokal forskrift for open eld. Ei lokal forskrift er under arbeid og vi vil opplyse når den er vedtatt.

Du kan fortsatt gjere open eld der det openbart ikkje kan medføre brannfare. Dette på eige ansvar.
All bålbrann/open eld skal meldast inn til alarmsentralen.

Tips til trygg bålbrenning.PNG

Meld frå til alarmsentral.PNG

Forskrift om brannførebygging.PNG

 

Brann og eksplosjonsvernlova.PNG

Bål i eigen hage

Ein gjer merksam på at det er ein del kommunar der ein ikkje har lov å brenne i eigen hage i tettbyde strøk. Det er då vist til forureiningslova av 13.03.1981 nr.06.bål.jpg - Klikk for stort bilete

Utanom tettbygde strøk er det tillate å brenne hageavfall på eigen tomt, men brenninga må avsluttast før mørkets frambrot.

1. Hugs at med ” hageavfall ” meiner ein berre organisk materiale som gras, lauv, kvist osv, og ikkje boss eller anna avfall.
2. Er det fare for at andre kan oppfatte bålet ditt som ein brann, bør du informere brannvesenet/alarmsentralen før du tenner på. 
3. Ikkje brenn på dagar med mykje vind. Kan medføre at du mistar kontrollen.
4. Ha alltid tilgang på vatn og spyl gjerne vatn rundt heile området som skal brennast.
5. Ta omsyn til naboar slik at ikkje nokon blir ”plaga” av røyk.
6. Ring brannvesenet på telefon 110 om situasjonen kjem ut av kontroll.
7. Dersom det kjem inn klage, på f.eks. røyk frå brenninga, kan brannvesenet når som helst rykke ut og slokke brannen.

Hugs: du brenn på eige ansvar!

Er du fortsatt i tvil?

Ta kontakt med alarmsentralen på telefon 577 51 400

Sist endra 27.04.2018

Relaterte ressursar

Teneste (1)
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no
Login for redigering