Innlandsfiske

I Selje har vi laks- og sjøaurebestand i Morkadalsvassdraget, og sjøaurebestand i Berstadelva.

Fritidsfiske - Klikk for stort bilete

Det er tilgang til fiske i nokre godt organiserte fiskeområde for innlandsfisk og god tilgang til fiske på laks og sjøaure.

Fiskekortsal:
Ervik jakt og fiskelag sel fiskekort for Ervikvatnet og Ervikelva til Ferstad.
Morkadal grunneigarlag sel fiskekort for resten av Morkadalsvassdraget.
Barmen grunneigarlag sel fiskekort for Fjellvatnet på Barmen.
Grunneigarlaget på Berstad sel fiskekort for Berstadvatnet i Moldefjorden.

Bestandane av laks og sjøaure har vore bra stabile i Selje.

Samanlikna med viltet har kommunene lite forvaltningsansvar for fisk. Kommunen skal ivareta fiskeinteressene i arealplanlegging og vi er behjelpelege i tiltak for å justere fiskebestandar i innlandsvatn (uttynning og utsetjing).

Du kan lese meir om laks og sjøaure på link under.

Sist endra 23.03.2018
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no
Login for redigering