Bibliotek

SELJE FOLKEBOKSAMLING har hovudbibliotek i Selje og to filialar, på Leikanger og på Flatraket.

Hovudbiblioteket - Klikk for stort bilete

- Hovudbiblioteket i Selje ligg rett overfor Selje eldretun.

- Filial på Leikanger er no kombinasjonsbibliotek med skulebiblioteket på Stadlandet skule.


- Filial på Flatraket er eit kombinasjonsbibliotek med skulebiblioteket og dette finn du i nabobygget til Flatraket skule.

På biblioteket er det høve til å låne bøker, tidsskrift og filmar. Materialet vert rullert mellom bibliotekadelingane våre, og kan tingast dersom det du leiter etter ikkje er inne der du søker. På Selje kommune si nettside og fana "Bibliotek", kjem du til Selje folkeboksamling si eiga side. Der kan du klikke deg inn på Websøk og sjølv sjekke nyhende, søke i bibliotekkatalogen og sjekke kva som er tilgjengeleg på hylla. Du kan og følge Selje folkeboksamling på Facebook.

Alle biblioteka i landet samarbeider, så er det ei bok du ikkje finn i Selje sine samlingar, kan denne tingast på fjernlån. Du vil få melding når boka du leitar etter er å finne på det bibliotek/filial du kan hente boka. Sjå info om Norgeslån-kortet.

På Hovudbiblioteket har vi trådlaust gjestenett, og ved behov kan du nytte gjestePC og søkje gratis på internett. Vi har og kyrkjebøkene for Selje tilgjengeleg.

OPNINGSTIDER:

Hovudbiblioteket i Selje er for tida stengt grunna flytting.

Planlagt nyopning er januar 2020.
Kontakt oss gjerne:
Tlf. 97 99 04 06 / biblioteket@selje.kommune.no

 

Stadlandet filial - tlf. 57859300 / stadlandet.bibliotek@selje.kommune.no
Onsdag kl. 14 - 17 (Stengt i skulen sine feriar)

Flatraket filial - tlf. 47245720
flatraket.bibliotek@selje.kommune.no
Tordag kl. 17 - 19 (Stengt i skulen sine feriar)

 Velkomen!

Publisert av Unni Eltvik Hovden. Ansvarleg Eli Eide Årevik. Sist endra 05.12.2019

Relaterte ressursar

Teneste (1)
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering