Sals og skjenkeløyve for alkohol

Selje kommune - alkoholpolitikk.

Alkoholpolitikken i Selje kommune vert regulert av alkohollova (lov av 2. juni 1989 nr. 27), av den til kvar tid gjeldande Rusmiddelpolitisk handlingsplan for Selje kommune og av politiske vedtak gjorde med heimel i alkohollova, tilstøytande lover og handlingsplanen.Lokal forskrift om opnings og stengetider mv. for forretningar og serveringsstader i Selje kommune

Skjenkeløyve - Klikk for stort bilete

For å kunne omsetje alkoholhaldig drikke, skal det innhentast løyve. Det kan søkast om løyve til sal og løyve til skjenking. Det er ikkje sett tak på kor mange løyve innan kvar kategori det skal vere i kommunen.

Kommunalt løyve kan gjevast til sal av alkoholhaldig drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol (gruppe 1).

Kommunalt løyve til skjenking kan likeeins gjevast for skjenking av alkohol gruppe 1 og til drikke med inntil 22 volumprosent alkohol (gruppe 2) og til drikke med 22 volumprosent alkohol eller meir (gruppe 3).

RUSMIDDELPOLITISK HANDLINGSPLAN.

Salsløyve. 

Alkohollova definerer sal slik: Overdraging av alkoholhaldig drikke til forbrukar mot vederlag og for drikking utanfor salsstaden.

I Selje kommune er salsløyve gjeve til fullverdige daglegvareforretningar som har ope heile året (5).

Maksimale salstider er som følgjer:

Kvardagar (utom laurdagar) : kl. 0800 - kl. 2000

Laurdagar : kl. 0800 - kl. 1800

Påske-, pinse-, jul- og nyttårsaftan: kl. 0800 - kl. 1600.

Det er stengt for alkoholsal alle helgedagar.

Salstidene kan variere noko alt etter butikkane sine opningstider.

For kvart salsløyve skal det utpeikast ein styrar og ein stedfortredar. Desse må avlegge ein kunnskapsprøve i alkohollova. Slik prøve vert gjennomført av løyvegjevar og kostar kr. 400,- pr. forsøk.

Søknad om salsløyve skal sendast til kommunen på søknadsskjema. (PDF, 77 kB) 
(skjemaet må lastast ned og fyllast ut manuelt)
Skjema som kan skrivast i (word) (DOCX, 46 kB)

For løyvet skal det betalast eit årleg gebyr ut frå omsett mengde og etter satsar fastsett av departementet

Skjenkeløyve.

Alkohollova si definisjon av skjenking: Overdraging av alkoholhaldig drikke til forbrukar mot vederlag og for drikking på staden.

Skjenkeløyve kan gjevast som alminneleg og/eller til slutta selskap, som løyve til eit einskild/særskild høve og som ambulerande løyve.

Eit alminneleg løyve/løyve til slutta selskap vert gjeve for eit bestemt lokale, klårt avgrensa og framstå som ein skjenkestad og til ein bestemt type verksemd. For å få skjenkeløyve må skjenkestaden og ha serveringsløyve. Søknad om alminneleg skjenkeløyve skal sendast til kommunen på søknadsskjema (PDF, 80 kB)(skjemaet må lastast ned og fyllast ut manuelt) eller søknadskjema (DOCX, 47 kB)(doc.format som kan skrivast i)

For alminneleg løyve skal det utpeikast ein styrar og ein stedfortredar. Desse må avlegge ein kunnskapsprøve i alkohollova. Slik prøve vert gjennomført av løyvegjevar og kostar kr. 400,- pr. prøve.

For løyvet skal det betalast eit årleg gebyr ut frå omsett mengde og etter satsar fastsett av departementet

Selje kommune har 2 ambulerande skjenkeløyve for tildeling ved skjenking til slutta selskap. Det skal søkast til kommunen på søknadsskjema.  (DOCX, 34 kB)  (doc.format som kan skrivast i).  Nærare reglar for bruk av ambulerande løyve, sjå handlingsplanen, eller ta kontakt med kommunen sin sakshandsamar. 
(skjema som kan lastast ned og fyllast ut manuelt) (PDF, 52 kB)

Skjenkeløyve for eit einskildhøve skal søkast til kommunen på søknadsskjema. (DOCX, 34 kB) Nærare reglar for tildeling av slikt løyve, sjå handlingsplanen, eller ta kontakt med kommunen sin sakshandsamar.

Det skal betalast gebyr for løyvet.

Skjenketidene for alminneleg skjenkeløyve i kommunen er for

Gruppe 1 og 2: kl 0800 - kl 0200

Gruppe 3: kl 1300 - kl 0200

Publisert av Svein Barmen. Sist endra 05.10.2016

Relaterte ressursar

Teneste (1)
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering