Serveringsløyve

Serveringsløyve.
Den som vil gjere seg næring av å drive serveringsstad, må ha serveringsløyve gjeve av kommunen.

Serveringsløyve - Klikk for stort bilete

Serveringsstaden skal ha ein dagleg leiar som har det reelle ansvaret for den daglege drifta av serveringsstaden.  Daglag leiar må vere myndig.

Søknad om serveringsløyve skal sendast kommunen på eige skjema. (PDF, 72 kB) Kan lastast ned og fyllast ut manuelt.

Skjema som kan skrivast i (docx format) (DOCX, 45 kB)

Søknaden skal innehalde dei opplysningar og slik dokumentasjon som serveringslova ( lov av 13. juni 1997 nr. 55) krev.

Serveringslova set og reglar for sakshandsaminga. 

Før eit løyve kan nyttast, må dagleg leiar ha avlagt og bestått ei kunnskapsprøve i serveringslova og tilstøytande lover. Gebyr for denne prøva er 400.- kr pr forsøk.

Kommunen arrangerer prøva.

Læremateriell kan kjøpast gjennom VINN, Teknologiveien 10, 8517 Narvik,

Tel: 76 96 72 00 - E-post: firmapost@vinn.no.

Publisert av Svein Barmen. Sist endra 03.12.2014

Relaterte ressursar

Teneste (1)
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering