Natur og Miljøforvaltning

Kontaktperson: Gry Otneim LeikangerHoddevika.JPG - Klikk for stort bilete
Tlf.: 578 58 500 / gry.otneim.leikanger@selje.kommune.no

Alle fagområdet innanfor natur og miljøforvaltning er samla under plan og utviklingsavdelinga. Her i blant viltforvaltning, fiske, motorferdsel i utmark.

Viltforvaltning

Det største ansvarsfeltet innan viltforvaltning er hjorteforvaltninga. Kommunen bistår grunneigarar i valdorganisering, bestandsplanlegging og skal godkjenne bestandsplanane. Kommunen tildeler fellingsløyve, rapporterer fellingsresultat og førestår pålagt materialinnsamling. Vi skal òg forvalte det lokale viltfondet, inkludert fellingsavgift på hjort. Søknadar til det lokale viltfondet vert behandla etterkvart som dei kjem inn og har ingen tidsfrist.

Tildeling av skadefellingsløyve og fallvilthandsaming, inkludert påkøyrsle av vilt er òg kommunen sitt ansvar. Skadd vilt skal rapporterast til politiet 02800. Viltforvaltar blir vidare kontakta av politiet etter at ulukka er rapportert inn.

Det er kommunen som organiserer eksamen i den teoretiske delen av jegerprøven, mens det er jaktlaga som arrangerer kursing.
 

Motorisert ferdsel i utmark

Kommunen har forvaltnings- og rapporteringsansvar i forbindelse med lov om motorferdsel i utmark og på vassdrag. Denne lova definera kva som er innmark/utmark og kva køyretøy den omfattar, deriblant alle motordrevne køyretøy i luft, på bakken og på vatn.

For helikopter og fly gjeld lova start og landing i utmark.

  • For dei fleste typar fraktoppdrag må ein ha dispensasjon frå lova. For enkelte saker for frakting av material for godkjente byggeoppdrag i fjell har vi standard skjema til utfylling.
  • Ved dispensasjon frå lova skal kommunen vurdere om fraktoppdraget er samfunnsnyttig.

 

Innlandsfiske

Du treng fiskekort for å drive med innlandsfiske av blant anna laks og sjøaure. I Selje har vi mange godt organiserte fiskeområder. Fiskekort kan du kjøpe av Ervik jakt og fiskelag for fiske i Ervikvatnet og Ervikelva til Ferstad. Morkadalen grunneigarlag sel fiskekort for resten av Morkadalsvassdraget. Barmen grunneigarlag sel fiskekort for Fjellvatnet på Barmen. Grunneigarlaget på Berstad sel fiskekort for Berstadvatnet i Moldefjorden.

Samanlikna med viltforvaltning har kommunen lite forvaltningsansvar for fisk. Kommunen skal ivareta fiskeinteressene i arealplanlegging og vi er behjelpelege i tiltak for å justere fiskebestandar i innlandsvatn.

Sist endra 10.09.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no
Login for redigering