Butilbod for eldre og pleietrengande

Selje eldretun 7 - Klikk for stort bilete

Kommunen har fleire typar butilbod til eldre og pleietrengande etter søknad:

Søknadskjema alle helsetenester (DOCX, 27 kB)

Informasjon til pasientar og pårørande på sjukeheimen (PDF, 213 kB)

Prisar

Seljetunet 5 - Klikk for stort bilete

Sjukeheimen i Selje
Seljetunet omsorg og rehabilitering er ein institusjon med 32 einerom fordelt på fire avdelingar. Avdelingane er fordelt mellom korttids- og rehabiliteringsplassar, langtidsplassar og dementavdeling.

Sentralbordet til sjukeheimen: 578 58 900
 

Institusjonskjøkkenet ligg i same bygg og leverer mat til sjukeheimen og heimetenesta sine brukarar.

Tryggleiksavdeling på Seljetunet
16 hyblar som kunmmunen leiger ut. Soverom med eige bad. Felles stove med matservering. Tryggleiksavdelinga har tilknytt personale på dag og kveld som lagar mat, held reint, utfører service- oppdrag og tilsyn med bebuarane. I opphaldet inngår mat, klevask, tilsyn og personleg stell. Elles er bebuarane å sjå på som heimebuande, og får tildelt heimetenester etter søknad og enkeltvedtak. Ikkje lovpålagd teneste.

Dagtilbod for demente
Dagtilbodet er eit tilbod for heimebuande som har ei demensdiagnose, og er ein sosial møteplass. Her får ein servert middag om ein ynskjer, deltek på aktivitetar og har tid for gode samtaler. Ein fagperson er tilsett og følgjer opp den einskilde så aktivitetar vert tilpassa funksjonsnivå. Tilbodet er opent 2 - 4 dagar i veka. Lokalisasjon på Seljetunet er i eigen base. Dagtilbodet er eit låg-terskel tilbod, men ein søkjer på tenesta på lik linje med andre tenestar i helse og omsorg.

     
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no
Login for redigering