Heimesjukepleie

Heimesjukepleie vert tildelt etter søknad, ut i frå ei fagleg vurdering av kvar einskild brukar sitt behov, og tildelt etter enkeltvedtak.

Søknadskjema 

Kontaktinformasjon 57858560

Klagefrist 4 veker

Det er ikkje betaling for innvilga søknader

Heimesjukepleie er eit heildøgns - tilbod til alle aldersgrupper som treng behandling, pleie- og omsorg i heimen (både av fysisk og psykisk art).

For best mogleg å styrkje brukaren si deltaking og eigenomsorg, skal heimesjukepleien  sitt tilbod også omfatte tiltak for naudsynt informasjon, støtte og rettleiing.

 Ved vurdering av søkjar skal dette vektleggast :

  • Om søkjar ut frå ei sjukepleiefagleg, heilskapsvurdering er heilt eller delvis avhengig av helsehjelp for å ivareta sine grunnleggjande behov.
  • Om søkjar er avhengig av hjelp til medikamenthandsaming, ulik  prøvetaking, stell av sår m.m

Helsenorge.no

Ansvarleg verksemd: Heimetenestene i Selje kommune

 

Publisert av Svein Barmen. Ansvarleg Åshild Bruland. Sist endra 18.05.2012

Relaterte ressursar

 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no
Login for redigering