Tirettelagt transport

Heimetenestene, ved rehabiliterings - koordinator, har ansvar for Tilrettelagt transport i Selje kommune.
Frist for søknad er 15.06.2016

Spørsmål til Servicekontoret 57858500

Transporttenester - Klikk for stort bilete

Den fylkeskommunale tilrettelagt transport - ordninga for funksjonshemma er eit tilbod om " dør til dør" transport til personar som på grunn av funksjonshemming har vesentlege vanskar med å reise kollektive transportmidlar. Tilrettelagt transport- ordninga administrerast av Samferdsle -avdelinga i Sogn og Fjordane fylke i samarbeid med Selje kommune. Selje kommune står for prioritering av søkjarar til ordninga etter gjeldande retningslinjer frå fylket.

Transporttenesta er meint å vere eit tilbod om drosjetransport til personar som er varig rørslehemma grunna fysisk  eller psykisk funksjonshemming.  Personar med ei livslang rørslehemming vert prioriterte.

Transporttenesta er i ugangspunktet eit tilbod om fritidsreise, men kan nyttast til alle typar reiser med unntak av :

  • Reiser som vert betalt av NAV. Eigenandel ved slike reiser skal transportbrukar betale sjølv på lik linje med andre trygdereiser.
  • Reiser til / frå skule.
  • Andre reiser betalt av det offentlege.

Retningslinjer: Sogn og Fjordane fylkeskommune si nettside om ordninga

Søknadskjema: Her

Eigafråsegn: Her 

Ansvarleg verksemd: Heimetenestene i Selje kommune.

Publisert av Svein Barmen. Ansvarleg Åshild Bruland. Sist endra 12.05.2016
     
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no
Login for redigering