Veg og vegvedlikehald

Kommunen har om lag 60 km med veg som skal driftast og vedlikehaldast.

 Sommarvedlikehaldet  blir utført av tilsette i uteseksjonen på kommunalteknisk avdeling i kommunen og ved innleige av teneste frå private; dette så langt tida og dei økonomiske rammene strekk til.

Vintervedlikehaldet blir i hovudsak utført av private. Unnateke er Selje sentrum, der brøytinga vert utført av tilsette i uteseksjonen.  

For brøyting gjeld:

  • Kommunale vegar skal vere gjennombrøyta innan kl. 06.00.
  • For all brøyting gjeld at det ikkje må brøytast i utrengsmål.


Avkøyrsle til/frå offentlege vegar:

Endring av avkøyrsle, ny avkøyrsle eller utvida bruk av eksisterande avkøyrsle frå offentleg veg krev særskilt løyve.

Er vegen kommunal, blir spørsmålet om avkøyrsle handsama samstundes med delings- eller byggesak. Gjeld det avkøyrsle frå fylkesveg eller riksveg, må det sendast søknad til Statens vegvesen.

Ved godkjenning av avkøyrsle blir det stilt krav til geometrisk utforming og frisiktsoner. Konkrete krav vil variere ut frå trafikkmengde og dimensjonerande fart på vegen.

Byggeavstander:

 Kommunal veg:          15 m frå midtlina av vegen 

Fylkesvegar:               50 m frå midtlina av vegen

Riksvegar:                  50 m frå midtlina av vegen

I byggefelt er det normalt innregulert andre byggegrenser i den einskilde reguleringsplanen.

 Søknadsskjema om avkøyrsleløyve og evt. dispensasjon frå byggeavstanden for kommunale vegar finn ein under fana for skjema/-  skjema for kommunalteknikk

Skjema for fylkes- og riksvegar får ein på Servicekontoret.

Kontakttelefonar:

- tenesteleiar kommunalteknikk, tlf. 57 85 85 00  

- kommunalt lager Selje,  tlf. 57 85 66 05
- Vakttelefon (utanom ordinær arbeidstid): 901 23 222.

Sist endra 28.03.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no
Login for redigering