Lyg vi for dei unge?

Lyg vi for dei unge - Klikk for stort bilete Onsdag 6. desember kl 18.00 kjem forfattar Sigbjørn Mostue og Svein Tveitedal, tidlegare direktør ved FNs klimaprogram, til Doktorgarden Selje med turnéen "Lyg vi for dei unge", som eit arrangement retta mot vaksne med søkelys på dei unge sitt klimaengasjement. 

Det blir foredrag, høgtlesing og diskusjon med samtaleleiar Anja Aga Ramstad frå Sogn og Fjordane fylkesbibliotek. Arrangementet som er gratis varar ca. 90 min.
Det blir muleg å kjøpe kaffi/te m.m. frå Doktorgarden Selje sin rikhaldige meny.
Vel møtt til ein hyggeleg og lærerik kveld!

Sist endra 04.11.2019
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering