Margit har vore i Oslo i samband med "Frivillighetsprisen"

Vinnaren er kåra!

Margit Fløde var saman med ordførar Ottar Nygård bedt om å møte hos Fivillignorge mådag den 5. desember.
Ho var ein av tre kandidatar med på innspurten til "Frivillighetsprisen 2011"
Meir om Margit på heimesidene til TV2-programmet God Morgon Norge.

Fotograf: Kilde: Sffj
Margit Fløde fotograf Kilde: Sffj

Margit vart plukka ut som Sogn og Fjordane sin kandidat av hovudutvalet for kultur 27. september. Ho var foreslått av Selje kommune og har i ei årrekkje gjort ein stor innsats for folk i Selje.

Ho har vore leiar for Stadlandet Ungdsomslag i 24 år, og har bidrege til ein opptur som alle i bygda nyter godt av. Fløde gjekk i bresjen for å gje ungdomane eit eige ungdomshus, som stod klart for fem år sidan. Ho held det også gåande med leikarring og brenn for revy, teater, korpset og eit historisk vikingspel. 

Dei tre som får flest stemmer går vidare til finalen, og ein jury bestemmer så kven som vinn Frivilligprisen i år. Prisen vert delt ut på FN sin internasjonale frivilligheitsdag 5. desember.

 

 
Publisert av Svein Barmen. Ansvarleg Birthe Johanne Finstad. Sist endra 05.12.2011
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering