NAV Selje

NAv.jpg - Klikk for stort bilete NAV Selje er å finne i 1.etasje på kommunehuset, i lag med politiet. Trykk deg inn for å lese meir om NAV.

NAV Selje har stengt kvar fredag framover frå 01.09.14. Ved behov for kontakt med NAV Selje kan ein ringe NAV kontaktsenter tlf: 55 55 33 33.

 

NAV forvaltar ein tredjedel av statsbudsjettet gjennom ordningar som arbeidsavklaringspengar, sjukepengar, pensjon, barnetrygd og kontantstøtte.

Hovudmåla til NAV er:

  • fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad
  • ein velfungerande arbeidsmarknad
  • rett teneste og stønad til rett tid
  • god service tilpassa brukaren sine føresetnader og behov
  • ein heilskapleg og effektiv arbeids- og velferdsordning

 

NAV-kontoret skal ivareta kommunens oppgåver etter lov om sosiale tenester i NAV. Formålet med lova er å betre levekåra for vanskelegstilte, bidra til sosial og økonomisk tryggleik. Dette skjer ved at den enkelte får moglegheit til å leve og bu sjølvstendig, og fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet. Vidare bidrar lova til at utsette barn og unge og deira familiar får eit heilskapleg tenestetilbod. Lova skal også bidra til likeverd og likestilling, og førebyggje sosiale utfordringar. Sosiale tenester omfattar: generelle oppgåver og dei individuelle tenestene opplysning, råd og rettleiing, økonomisk stønad, midlertidig bustad, individuell plan og kvalifiseringsprogram.

Vi på NAV Selje ynskjer deg velkomen!

 

 

Viss du vil lese meir om NAV, kan du klikke deg inn på linken: nav.no

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering