No kan du sende vassmålaravlesing på SMS

Selje kommune har teke i bruk vassmålaravlesing på SMS. Varsel blir sendt til din telefon, og nummeret ditt blir henta i offentlege register. Her er steg for steg veiledning for korleis avlesing går føre seg via SMS.

vassmålar.jpg - Klikk for stort bilete Du vil først få ein informasjons-SMS (frå eit "merkeleg" telefonnummer). For å melde inn målarstanden, svarar du på same SMS med å skrive inn målarstanden (eksempel "30030"). Ingen tal bak komma skal vere med.

Når du les av målaren:
- Ikkje ta med raude tal.
- Ikkje ta med tal bak komma
- Ingen bokstavar i meldinga

For vassmålar vist her, er korrekt rapportert målarstand 2.

Skriv du noko anna, for eksempel adresse, dato eller namn, vil avlesinga ikkje bli godteken. Dersom du skriv feil, kan du sende inn melding på nytt med rett målarstand. Det er siste avlesing som er gjeldande for avrekning.
Etter sendt melding vil du motta stadfesting på meldinga di, med forbruk sidan siste avlesing.

Avlesingskort
Dersom ein ønskjer å framleis få tilsendt avlesingskort i posten, må ein gje beskjed til kommunen. Avlesingskort vil bli sendt ut til abonnentar utan registrert mobilnummer. 
På avlesingskortet kan du oppgje mobilnummer vi kan nytte ved neste avlesing, eller registrere ditt mobilnummer på www.leseav.no saman med avlest stand.

Kan vi nå deg?
Det finst to ulike registre ein kan velje å registrere seg i for at vi skal nå deg. I tillegg gjer vi eit siste forsøk i oppslag på 1881.no.
1. www.norge.no - oppdater-kontaktinformasjon. I det felles nasjonale kontaktregisteret anbefalar vi å legge inn både mobiltelefon og e-postadresse.  
2. www.varslemeg.no som er eit tilleggsregister berre kopla opp mot Varsling 24 og kommunane sine varslingssystem.

Bedrifter må registrere nøkkelpersonar ved å gå inn på linken www.varslemeg.no sidan telefonnummer frå bedrifter ikkje kan hentas frå andre kanalar.

Har du motteke varselet på feil mobilnummer?
Viss du får ein SMS som du meiner er sendt til feil nummer, ber vi deg om ikkje å svare på den. Abonnentar som ikkje har svart på SMS vil få avlesingskort i posten og rett mobilnummer kan då meldast inn saman med avlest stand. I tillegg må den som mottar en feilsendt SMS sjekke sine opplysningar i dei offentlege register. 

Spørsmål?
Har du spørsmål, ta kontakt med oss på tlf. 57 85 85 00 eller ahr@selje.kommune.no

Publisert av Janne Weltzien Listhaug. Sist endra 20.12.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering