NOMIL - Endringar i ruteinndeling og tømmedagar

Endringar i ruteinndelingar og tømmedagar fom juni.

Ny kalender kjem i posten i slutten av mai.

Du finn den nye tømmekalendaren her.

1. juni overtar Reno Norden renovasjonskøyringa for NoMil, etter at dei vann anbodskonkurransen om oppdraget. Reno Norden legger då om ruteinndeling og tømmedagar, så her blir det endringar for mange abonnentar. Ny tømmekalender blir sendt til alle adressar i Nordfjord i slutten av mai. Du kan og lese dei på denne nettsida.

NoMil ber om forståing dersom innkøyringsproblem oppstår. NoMil har tillit til at Reno Norden raskt vil få det nye tømmesystemet oppe og gå.

Olav Tenden Transport AS avsluttar samtidig renovasjonsoppdraget som dei har hatt dei siste 5 åra. NoMil vil takke for godt samarbeid og vel utført arbeid.

 

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering