Norovirus i omløp

Seljetunet 4 - Klikk for stort bilete Omgangssjuka som følgje av Noroviruset er i omløp i desse dagar. Mange har oppkast og diare i kommunen. Dette er ei omgangssjuke ein ikkje ynskjer på Seljetunet.

Leiinga på Seljetunet ber om at pårørande ikkje kjem på besøk dersom ein har har hatt symptom på dette dei siste dagane, eller nokre av dine næraste har hatt det siste dagar. Dette er svært smittsomt.

På Seljetunet praktiserer ein 48 timarsregelen. Det betyr at ein ikkje skal ha hatt symptom på verken oppkast, kvalme eller diare dei siste 48 timane.

Ein ber alle pårørande om å bruke handsprit som står i lokala når ein kjem på besøk.  

Publisert av Janne Weltzien Listhaug. Sist endra 03.11.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering