Ny dagleg leiar for IKT Nordfjord

Tor Halvar Flacké Botnen.jpg - Klikk for stort bilete
Tor Halvar Flacké Botnen er tilsett som dagleg leiar for IKT Nordfjord. Han tek til i stillinga 1. juni 2018 - og vi ønsker han velkomen til Nordfjord!

Tor Halvar har utdanning i informatikk og kjem frå ei stilling som IT-leiar i Ulstein kommune. Det siste året har han leia strategigruppa i Søre Sunnmøre IKT.

Stillinga som dagleg leiar for IKT Nordfjord er ei nyoppretta leiarstilling som får det administrative leiaransvaret for IKT-samarbeidet i Nordfjord, inkludert Bremanger. Samarbeidet er organisert etter § 27 i kommunelova i ein driftsdel - Nordfjordnett - som er lokalisert i Måløy og ein strategidel som skal vere på Eid. IKT-samarbeidet i Nordfjord blir no omorganisert.

Sist endra 14.02.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering