|
|
Ny medarbeidar på Servicekontoret
Neste gong du besøker Servicekontoret på kommunehuset i Selje, blir det eit nytt fjes som møter deg i skranken. Kristine Leikanger starta nyleg i jobben som konsulent på Servicekontoret.
Kristine Leikanger kjem frå Stadlandet og har no flytta tilbake til kommunen og har starta i jobben som resepsjonist. Kristine har ei bachelorgrad i økonomi og administrasjon frå NTNU i Ålesund og eit årsstudium i administrasjon og organisasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen.
Ho har bakgrunn fra hotellbransjen og er van med å jobbe innanfor service.
Nytilsettinga er ein del av Selje kommune si satsing i arbeidet med service og kommunikasjon mot innbyggjarane.
|
|
|
|
|
|