Nytt legevaktnummer fra 1. september

legevaktnummer.jpg - Klikk for stort bilete Alle kommuner i Noreg har legevaktordning for øyebilikkeleg helsehjelp heile døgnet. Selje kommune er tilknytt den interkommunale legevakta på Eid. Frå 1. september kan du ringe 116 117 for å komme i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg. Er det akutt og står om liv ring 113.

 Når du trenger legehjelp: kven skal du ringe?

  • Fastlegen din i opningstidene. For Selje legekontor: 578 56 106 (telefontid 09-12 og 14-15 kvardagar).
  • Legevakta 116 117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan vente.
  • 113 når det er akutt og står om liv.

Fastlegen eller fastlegekontoret du er tilknytt er din hovudkontakt inn i helsevesenet. Om mogeleg bør du alltid ringe fastlegen først. Meir informasjon finn du her.

Publisert av Wenche Berget. Sist endra 03.09.2015
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering