Plan for kommunal beredskap

Kommunen skal være forberedt på å håndtere uønskede hendelser, og skal med utgangspunkt i den helhetlige risiko- og sårbarhetsanalysen utarbeide en helhetlig beredskapsplan. Kommunens overordnede beredskapsplan skal samordne og integrere øvrige beredskapsplaner i kommunen. Den skal også være samordnet med andre relevante offentlige og private krise- og beredskapsplaner. (Forskrift til Sivilbeskyttelsesloven § 4)

Viktige telefonnummer
Brann 110
Nordfjord legevakt, livstrugande hjelp 116117, akutt hjelp 113
Politiet 112
Vegvesenet 020030
Kommunalteknisk vakt 901 23 222
Heimetenestene 976 67 623

Den kommunale beredskapen skal vere i stand til å handtere innbyggjarane sine ulike kriser, både naturskapte og menneskeskapte.
Beredskapsplanen er difor generell og fleksibel.

Til vanleg har kommunen brannvakt og kommunalteknisk vakt. Legevakta er på Nordfjord legevakt.

Ved førehandsvarsla hendingar vil kommunen auke aktsemndsnivået og førebu mannskap til å rykkje ut på kort varsel. Normalt vil ein også då informere publikum om tiltak som vert sett i verk. Ved ikkje førehandsvarsla hendingar vil politiet normalt varsle kommunen. Det er rådmannen som rår over kommunen sine ressursar og vil kalle ut desse.

Ved kommunikasjonsbortfall har kommunen tilgang på "Nødnettet" og satelittelefonar. Utover dette har ein også tilgang på VHF-radiosamband og kortbølgeradio. VHF-radiosamband vil også vere montert ombord i båtar.
Ved straumutfall har kommunen naudstraum på Seljetunet og eldretuna.

I samband med straumutfall vil batterikapasiteten på basestasjonane til mobilnettet gå fort ned, og kommunen aktiverar naudkommunikasjon. Der vil då vere 3 sambandspunkt: Flatraket eldretun, Stadlandet eldretun og Seljetunet. Kriseleiinga vil i slike høve vere samla på Seljetunet

I samband med ulukker og alvorlege hendingar har kommunen ei krise- og omsorgsgruppe som blr aktivert for å ta vare på personar som er innblanda i desse.

Publisert av Svein Barmen. Sist endra 03.02.2016
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no
Login for redigering