Småikon skriver str kart Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkart

Ombyggingsarbeid på reinseanlegg Djupedalen

I komande veke (veke 46) skal det utførast ein del ombyggingsarbeid på vassreinseanlegget i Djupedalen.

I samband med desse arbeida vert produksjonen av drikkevatn stogga frå 14.11.17 ca. kl. 07.00 til 15.11.17 kl. 24.00.

Ved bruk av tilgjengeleg bassengmagasin og om alt går som planlagt, vil ikkje abonnentane merke noko til arbeidet. For å vere på den sikre sida, ber vi likevel om at vassforbruket vert redusert til eit minimum medan arbeidet pågår. Det kan også vere ein fordel at ein i løpet av søndag/måndag tapper opp vatn som ein kan nytte medan vassproduksjonen er ute av drift.

 

Fagansvarlig kommunalteknikk

Publisert av Linda Merete Årvik. Sist endra 13.11.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering