Oppstart for foreldrerettleiingsprosjektet

Sramsmarka barnehage sjumilssteget.jpg - Klikk for stort bileteSramsmarka barnehage sjumilssteget.jpg Fredag 10.juni markerte kommuane i Sjumilssteget oppstart for foreldrerettleiingsprosjektet «Snakke saman – vere saman». Inviterte frå alle kommunane stilte opp og bidrog til god stemning.

Representant frå vertskommune Vågsøy Heidi Vederhus, orienterte om bakgrunn og oppstart av prosjektet. Prosjektleiar Helga Skartveit presenterte prosjektet for dei frammøtte. Barn frå Skramsmarka markerte opninga med flott song.Etterpå vart det feiring med marsipankake.

Prosjektgruppa vil takke alle involverte for god innsats i den toårige prosjektperioden, og samstundes markere implementering og oppstart av prosjektet frå hausten 2016. Målet er å skape eit meir lyttande og inkluderande miljø for barn og foreldre i kommunane. Lykke til med innsats til hausten!

Sjumilssteget fellesbilde.jpg - Klikk for stort bilete

 

Navn på prosjektgruppemedlemmar: frå høgre: Helga Skartveit, Heidi Vederhus, Anne-Grete Eikås, Grethe Sandven, Torill Furnes Myhre, Ingrid Stave. Elin Kråkenes og Toril Sande ikkje var til stades då bilete vart tatt.

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering