Pårørandeskule i Selje kommune

Kaprifol 1 - Klikk for stort bilete  Kurs/samtalegruppe for pårørande til personar med demens, våren 2014

Påmeldingsfrist 17.03.2014

Bindande påmelding til Eva Janne T. Årvik

Pårørandeskulen er eit tilbod til dei som har eit familiemedlem eller ein god venn med ein demenssjukdom. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon. Du kan også melde deg på dersom du arbeider med demente personar (også støttekontaktar).

Kurset er lagt opp med 5 samlingar med fylgjande tema:
20.03.14 Sjukdomslære - kva er demens?
Frode KvalheimHENDER - Klikk for stort bilete
27.03.14 Kommunikasjon og samvær/samhandling

Johanne Lofnes
3.04.14 Sorg og tapsreaksjonar. Ein pårørande si oppleving.
10.04.14 Juridiske rettar / verje-ordninga
Pasientombod Lisa Førde Refsnes
24.04.14 Aktivitet og meistring. Kva finnast av hjelpemidlar ?

Samlingane er lagt opp med 1 time forelesing,ei pause ca ½ t og deretter 1 time gruppesamtale, der ein tek opp aktuelt tema etter forelesinga og utvekslar erfaring.
Kurset vert i 2 etg .på Seljetunet klokka 18.00 -20.30
Ved behov for hjelp til avlasting dette tidsrommet, kan vi hjelpe til med å organisere dette.

 

Kursavgift kr 100,-
For meir informasjon, kontakt leiar for demensteam Eva Janne T. Årvik tlf 99584661
eva.janne.aarvik@selje.kommune.no


Gjennom faglege forelesingar og gruppesamtalar får du kunnskap om demens, og du treff andre pårørande i same situasjon.

Publisert av Svein Barmen. Sist endra 07.03.2014
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering