Plan for trafikktrygging 2018-2025 vedteken

Hoddevik2.jpg - Klikk for stort bilete Kommunestyret i Selje vedtok i møtet 14. desember Plan for trafikktrygging, revisjon 2017, i sak 101/17.  Trafikktryggingsplanen gjeld heile det offentlege vegnettet i Selje kommune. Målet med planen er å fremje tiltak for eit tryggare trafikkbilete.

Planen skal nyttast ved budsjettarbeid i kommunen, og søknader om økonomiske midlar for trafikktryggingstiltak inn mot til dømes fylkeskommunen. Trafikktryggingsplanen er gjeldande for åra 2018-2025, men skal vurderast minst ein gong i kvar kommunestyreperiode.

Plan for trafikktrygging 2018-2025 (PDF, 870 kB)

Publisert av Janne Weltzien Listhaug. Sist endra 22.12.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering