Planar for utbygging av 4G i Selje for 2016 - 2017

Telenor har gjort mykje for å modernisere telenettet i Selje det siste året. 

Alle sentralane i Selje er modernisert for VDSL og der er ført fram fiber til dei. Basene i kommunen er Barmsund, Hoddevik, Kjødepollen, Selje, Stadlandet, Ytre Stadlandet og Årsheim.

I mobilnettet er Kjerringa, Stadlandet og Selje allereie oppdatert med 4G. Telenor skal bygge ut 4G på alle dei andre basestasjonane i Selje og dei som dekker i Selje slik at vi kjem opp i ei berekna flatedekning på 99,7% i løpet av første halvår 2017.

Meld frå til Telenor viss ein opplever dårleg dekning der det skal vere bra dekning. Viktig at ein får ein mest mogleg reell situasjon over dekninga i Selje.

Dekningskartet finn du her.

Sist endra 20.05.2016
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering