Planlagt vegarbeid frå 18. september tom. 21. september

utropsteikn illustrasjon.png - Klikk for stort bilete Statens vegvesen startar opp med plasstøypt betongrekkverk på Fv 618 mellom Sørpollen og Salt tysdag 18. september og driv på til og med fredag 21. september. Arbeidstid vil vere mellom kl 08.00 og 20.00, der vegen vert stengt i inntil 2 timar om gongen. Rutebussar og utrykningskøyretøy vil få passere. 

 Fredag 21. september: Dei har fått gjort mykje i dag, men har enno ikkjue byrja på strekninga Rundereim - Salt. Dette rekna dei med dei får gjort i ettermiddag/kveld (fram til kl 20.00). Det vert ingen arbeid i helga og på måndag.
Kart som viser punkta det skal støypast på (PDF, 2 MB).

Tysdag 18. september vert det starta på punktet Pollaneset - Straumneset.

Onsdag 19. september - Siste melding frå vegvesenet er at dei må fullføre arbeidet mellom Pollaneset - Straumneset på morgonen. Deretter arbeider dei seg innover og prøvar å få tatt Vedrhusvika og første delen av Straumen ved Venøya.

Torsdag 20. september: Pollaneset – Straumsneset og Verhusvika er fullført. Planen vidare er at dei støyper seg ferdige på Straumen, Venøya torsdag morgon (20.september). Rundt kl 12 flyttar dei seg til Rundereim – Salt om alt går slik det skal. Rundereim –Salt er og det smalaste punktet så her vert det mest sannsynleg stengingar på inntil 2 timar.

Torsdag 20. september: På grunn av det dårlege vêret har dei ikkje fått støypt i dag. Dei håpar på å starte opp arbeidet igjen i morgon.

Fredag 21. september: Dei har fått gjort mykje i dag, men har enno ikkjue byrja på strekninga Rundereim - Salt. Dette rekna dei med dei får gjort i ettermiddag/kveld (fram til kl 20.00). Det vert ingen arbeid i helga og på måndag. Tysdag 25. september vert det støypt ferdig Rundereim - Salt som er det siste punktet. Denne strekninga er veldig smal, så her vert det nok stengingar på to timar.

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 21.09.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering